Вам нравится Норвегия?

Вы хотите почерпнуть что-то новое об этой замечательной стране?
Или Вы случайно попали сюда? В любом случае эта страница достойна Вашего внимания.

Norsk russar fеr utlendingar i arbeid.

Aetat starta i haust ein Jobbklubb for framandspråklege som har blitt gåande utan fast jobb i lengre tid. Med den norske russaren Vlad Naiman som prosjektleiar har seks av dei åtte første deltakarane kome seg ut i arbeid eller på kurs.Bildet: Servitør Bexhet Namani serverer prosjektleiar Vlad Naiman. Anne Birgit Tresland ser til at Bexhet får ein mjuk start.

– Utgangspunktet var at me ville gje eit løft for dei framandspråklege i Bø, Nome og Sauherad, fortel fungerande distriktsarbeidssjef i Bø, Dag Aurstad.

Aetats prosjekt, Jobbklubben, er for dei som har møtt motgang og er blitt gåande utan fast arbeid etter den første språkopplæringa. Og det var viktig å finne den rette personen til å leie prosjektet. Dei fann Vlad Naiman frå Russland.

Han er sivilingeniør med teknisk utdanning frå heimlandet, kom til Noreg i 1993 og fekk norskopplæring på Høgskulen.

– Til å begynne med var det veldig vanskeleg å bli integrert i det norsk samfunnet. Språket var vanskeleg, fortel Vlad Naiman. Etter det har han arbeidd fleire stader. No arbeider han 50 prosent i Bø Installasjon og 50 prosent for Jobbklubben i Aetat. At han har kontaktar i mange bedrifter og kjenner næringslivet er til god hjelp i arbeidet for Aetat, seier han.

– Vlad kan gå foran med eit godt eksempel. Han veit korleis det er å komme framand til landet og kan hjelpe andre i samme situasjon, seier Dag Aurstad.

Hovudmålet med Jobbklubben er at dei som deltek skal lære å skaffe seg jobb sjølv, med hjelp frå Vlad Naiman. Først er det to veker i jobbkurs der ein kartlegg kva den enkelte har gjort og kan gjere, motiverer dei til å kome vidare, lærer dei korleis ein går fram for å få jobb, og kombinere språkopplæring med praksisplass i arbeidslivet med tanke på fast arbeid ein eller annan stad i Telemark. Heile tida blir kvar enkelt følgt opp av Vlad. Og tiltaket er godt mottatt i næringslivet, fortel Aurstad.

Servitør Bexhet Namani kom frå Kosovo til Noreg for fire år sidan og bur no i Lunde. Han er ein av dei mange arbeidsledige som ikkje har hatt fast jobb. No har han fått praksisplass i Bø Hotell. I Kosovo jobba Bexhet som servitør i ein restaurant og kan yrket. Men han har ikkje prøvd å skaffe seg jobb sjølv før no.

Praksisplassen på seks månader er ein start. Anne Birgit Tresland, som fungerer som leiar medan Asbjørn Botnen er på ferie, kan ikkje love Bexhet fast jobb. Framtida er for usikker til det, sjølv om hausten ser positiv ut med mange bestillingar.

I sommar var det åtte utanlandske jenter som jobba i hotellet. Dei snakka godt norsk. Tidlegare har dei hatt folk som ikkje kunne norsk og ikkje engelsk. Då nyttar det ikkje, seier Anne Birgit Tresland.

– Me er avhengig av folk som har dette som yrke, og me har lyst til å satse på Bexhet framover. Viss dette går bra, blir det sikkert nok å gjere etter kvart, meiner ho.

Journalist: Ruth Slokvik
Bø Blad


Hosted by uCoz